|
Barneboka eg har valt å presentera kallast Gruffalo og lille Gruffalo. I denne boka er det to bøker som er bunde saman. Dei opphavlege bøkene er skreve på engelsk av Julia Donaldson og illustrert av Axel Scheffler, men boka er også oversett til norsk av Arne Ruste. Boka Gruffalo har vore seld i over 13 millionar kopiar i 58 ulike utgovar på verdens basis, og har vunnet fleire prisar for barnelitteratur. Lille Gruffalo vann prisen for «Best children`s book» på British book awards i 2005 (wikipedia.org). Boka er i kategorien for barn mellom 0-6 år, men kan fint passe også for 6-9 år. Gruffalo og Lille Gruffalo er ei flott bildebok med store og fargerike illustrasjonar. Ei bildebok definerast som ei bok med eitt eller fleire bilde på kvart oppslag, og alle oppslaga i ei bildebok utgjer ein tematisk og dramaturgisk heilskap (Mjør, Birkeland og Risa, 2006). Boka er satt saman av to bøker der den eine omhandla Gruffalo, mens den andre omhandla Lille Gruffalo som er Groffalos barn. I Gruffalo får me høyre om ei mus som lurar dei dyra ho møter på sin veg gjennom skogen. Musa fortel at ho er invitert på til Gruffalo for å skremme dei andre dyra slik at ho ikkje blir ete av dei. Til slutt møter musa Gruffalo i skogen. Gruffalo vil også gjerne ete musa, men ho lurar også han. Korleis ho gjer det kan du sjølv lese meir om i boka. Det er ei artig og spanande forteljing om den lure musa og hennar møte med Gruffalo. Mens i forteljinga om Lille Gruffalo møte me Gruffalo barnet som sniker seg ut av hula etter at faren er sovna for å leite etter Store Stygge Mus som faren har fortalt historia om. På sin leit gjennom skogen treff ho mange ulike dyr som ho lure på om er Store Stygge Mus. Boka har eit tydeleg samspel mellom tekst og bilde (ikonotekst). Bilda fortel mykje av det same som står i teksten, men fortell også meir om omgjevnadane. På nokon av oppslaga er det bilde som dekker heile oppslaget, mens på andre oppslag er det mindre, men fleire bildar. Bildane er store og fargerike, og me kan også sjå fleire små dyr som ikkje er omtala i teksten. Nokon av bilda dekker sida, nokon er rund, nokon en rektangulær og nokon er bare med kvit bakgrunn. Slik skapar illustratøren variasjon i boka. Det er tekst på alle oppslaga, men det er litt ulikt kva mye. Begge fortellingane er skrevet på rim. Bruk av boka i skulen. Ei fortelling på rim kan gjere det enklare å hugse fortellinga. Til bruk på barneskulen passar boka godt for elevane frå fyste til tredje trinn. Til bruk i skulen ville eg nok tenkt å bruke ho på 1. til 3. trinn. Ei bildebok egna seg ikkje så godt til høgtlesing i klassen da bilda er ein stor del av boka. Men med bruk av klassesett eller bildar på smartboard kan ein gjerne lese ho høgt i klasserommet. Det viktige er at alle elevane også får sjå billeda på same tid som ein les teksten. Da teksten er på rim er det grei tekst å lære på rams, og hugse for elevane. Ein kan gjerne bruke boka som leselekse om ein tilpassa mengde side. Å samtale om bildane med elevane er ein fin oppgåve med denne boka. Det er masse informasjon å finne i dei flotte illustrasjonane som ikkje finnast i teksten. Boka har mykje direkte tale og er derfor et flott utgangspunkt for adaptasjon til film eller skodespel. At teksten er på rim kan gjere det enklare å lære teksten ved skodespel eller adaptasjon til film. Både Gruffalo og Lille Gruffalo er adaptert over til film som har vore send blant anna på NRK super. Der finnast også ei eige nettsia for Gruffalo som kan brukast for saman med elevane. Nettsia finnar du HER. Eg har lest boka mange gang for eiga og andre barn. Dette har vore ein stor favoritt på sengekanten frå dei var to til tre år gamle. Av same forfattar kan eg også anbefale bøkene Plass bak på kosten(2003) og Apestreker(2008). Kjelder: Donaldson, Julia og Sheffler, Axel (2008). Gruffalo og Lille Gruffalo. Oslo: Imprintforlaget. Mjør, Ingeborg, Birkeland, Tone og Risa, Gunvor (2006, 2.opplag). Barnelitteratur –sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen akademisk forlag The Gruffalo hentet 22.04.2015 fra: http://en.wikipedia.org/wiki/The_Gruffalo |